Jakt høsten 2005
Hausten 2005 kasta to forventningsfulle skrobbar seg på flyet til Alta, for å prøve ut rypejakta i finnmark saman med den utfly
tta lektoren Kjetil, som bur i Alta.
Må innrømme at vi hadde store forventningar, men kom raskt ned på jorda etter eit par dagers jakting. Sidan det var vår første gong på jakt i finnmark, var vi lite kjende, og det vart mykje synsing. Den store fangsten som vi forsiktig forespeila oss utblei, og etter seks dagers jakting, med alt ifrå snøstorm til regn, sludd, haglbyger og full storm i bitande kaldt kystklima, avslutta vi. Antal felte ryper tek vi ikkje med. Nokon vart det, men lite. Og utifrå vårt synspunkt var det lite fugl å sjå. Men treffprosenten var ikkje så aller værst.
Over, første hinder i Masi. Eit gjerde som ikkje skulle være der
Vi hadde heller ikkje hund, som mange nyttar seg av, sjølv om vi eine dagen rende oss på ein "hangaround"-hund som fylgde oss heile dagen. Denne bestemte seg for å være med oss i teltet også, så det heile vart rimeleg humoristisk då han la seg til å sove. Og snorke. Då ringte vi eigaren. (Under, bilde frå teltet med hangaroud-hunden)
Bildet under er av Raymond og Jon-Kåre på vei til Seiland. Ombord på båten fekk vi guiding og tips frå kapteinen og ein lokal kjentmann frå Sjerneøya. (På bildet under hadde vi skikkeleg trua)
Enten lurte dei oss godt, eller så hadde vi uflaks. Vi vel å tru det siste. Seiland bydde på eit landsakap som er mykje likt Sunnmørsalpane kor vi er frå, og har traska og gått i mykje. Flott plass. Berre synd at været var rævva, og første natta regna det rett gjennom teltet. Noko ingen av oss har vore ute for tidlegare. (Og vi har opplevd mykje møkkavær)
(Under, bilde frå rorhuset på båten til Seiland)

Områder som Masi, Sennalandet, Seiland og andre kystnære strøk vart utprøvd. Sjølv om det vart ei dårleg jakt fristar det å reise oppatt, så planane for hausten er vel allereie lagt. Sjølvsagt håpar vi då at værgudane er meir på vår side.
Resten av bilda vi tok var stort sett dominert av skogge og dugg, før kameraet til Raymond tok kveld grunna fukt.



Det øverste bildet av dei tre siste er av Kjetil som er på veg opp fjellsida på Seiland, tatt i eit øyeblikk kor været var litt lettare.
I midten, Jon-Kåre og Kjetil som legg taktisk strategi for korleis vi skulle overrumple rypene. Her hadde det visst endatil sneke seg inn litt sol, og Seiland viste seg frå si flottaste side.
Nederste bildet er det som var igjen av ei av rypene som hang på verandaen til Kjetil, medan vi var på jakt ute ved kysten. Det viste seg å være ei kråke som hadde attakert den, og det meste av den låg igjen på verandaen til naboen under. Flaks for kråka at det ikkje er vanleg å skyte med hagle i tettbebygde strøk.


0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home