fredag, mars 17, 2006

Børgefjell 2003


Etter to somrar på Hardangervidda, lokka meir uprøvde områder lenger nord. Både i 2001 og 2002 var vi ein gjeng på Hardangervidda, kor vi etterkvart følte at det vart mykje merka ruter og folk. Vi ville prøve ein litt mindre folksom plass, og valget fall på Børgefjell.

I slutten av juli reiste vi oppover. Kjetil, Andreas og Jon-Kåre. Turen gjekk med nattbuss frå Ørsta, og vidare med tog frå Otta til Trofors. Herifrå buss til Hattfjelldal, og den den einaste bussen som gjekk vidare til Kroken denne veka.

Det var med høge forventningar vi gjekk av ved vegs ende på Kroken - her skulle det virkeleg fiskast.

Iløpet av turen skulle vi også møte to andre kameratar som hadde reist opp ei veke før. Desse to var planen å møte etter eit par tre dagar på Ranserbua.

Fisket starta vel ikkje heilt slik som vi hadde forventa oss. Allereie før Kjetil hadde montert ihop flugestanga, hadde han klart å knekke den. Humor, sjølv om vi ikkje torde å le der og då.

Vi nådde Ranserbua kvelden, andre dagen, og vart vel tatt imot av to skrinne halvnakne skjeggete skrobbar. Og sidan vi denne dagen hadde som den einaste fått fisk, fin fisk også faktisk, hadde vi oss eit durabelt måltid med fisk, skylt ned av ein god XO konjakk.
Dette vart også som ei feiring av bursdagen til Aasmund, kor han vart godt hjelpt på veg til å drikke opp bursdagsgava si.

Resten av turen gjekk vi i snitt 15 kilometer for dag, på jakt etter nye vatn som vi ikkje fekk fisk i. Faktisk fekk vi kun et par knøttsmå, som ikkje var verdt å fyre opp primusen etter. Dette gjorde også sitt til at vi etterkvart fekk lite mat, då vi hadde basert oss mykje på fisk.

Opplevelsen på Børgefjell vart derfor ikkje slik enkelte av oss hadde forestilt seg, truleg grunna den varme tørre sommaren som hadde vore hittil. Dette gjorde sitt til at den ikkje fanst ein einaste mygg å sjå, vatna var varme og tilnærma utan aktivitet.

Vi avbraut derfor turen før vi hadde tenkt, og siste dagen for min, Jon-Kåre, og Andreas sin del gjekk vi 35 kilometer for å komme oss til toget på Majavatn. Eit blodslit med tung sekk.
Kjetil vart igjen ein dag ekstra i håpet om å finne eit vatn med bet i. Slik gjekk det ikkje, og også han returnerte dagen etter. Dei to andre hadde vi tatt farvel med ein dag før. Då hadde dei vore her i to veker, og til dels vore heldigare med fiskinga enn vi.


1 Comments:

Blogger kjetilvaage said...

Steik asso

2:20 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home