fredag, august 24, 2007

Bildegalleri fra padletur sommeren 2007

torsdag, august 23, 2007

Padletur i Nord-Finland

mandag, desember 25, 2006

Ekspedisjon 2007




lørdag, april 15, 2006

Sommartur 2006 - Karasjokka

mandag, mars 20, 2006

Isfisketur Mars 2006

Isfisketuren som skulle vise seg å bli en av de aller største fiaskoturene.

Mer tekst kommer etterhvert..



Klare for avreise og veldig klar for storfisk



Den lunefulle vidda viser sin hvite drakt


-Jeg tror vannet ligger den veien


-Hm. Jeg tror heller det ligger den veien


-Faen! Hvor er vi egentlig?


Den slitne kulturjournalistens siste forsøk på å finne vann


Vidda bød på litt nordlys-dans om natta

fredag, mars 17, 2006

Jakt høsten 2005

Jakt i Finnmark 2005

Hausten 2005 kasta to forventningsfulle skrobbar seg på flyet til Alta, for å prøve ut rypejakta i finnmark saman med den utflytta lektoren Kjetil, som bur i Alta.

Må innrømme at vi hadde store forventningar, men kom raskt ned på jorda etter eit par dagers jakting. Sidan det var vår første gong på jakt i finnmark, var vi lite kjende, og det vart mykje synsing. Den store fangsten som vi forsiktig forespeila oss utblei, og etter seks dagers jakting, med alt ifrå snøstorm til regn, sludd, haglbyger og full storm i bitande kaldt kystklima, avslutta vi. Antal felte ryper tek vi ikkje med. Nokon vart det, men lite. Og utifrå vårt synspunkt var det lite fugl å sjå. Men treffprosenten var ikkje så aller værst.

Over, første hinder i Masi. Eit gjerde som ikkje skulle være der

Vi hadde heller ikkje hund, som mange nyttar seg av, sjølv om vi eine dagen rende oss på ein "hangaround"-hund som fylgde oss heile dagen. Denne bestemte seg for å være med oss i teltet også, så det heile vart rimeleg humoristisk då han la seg til å sove. Og snorke. Då ringte vi eigaren. (Under, bilde frå teltet med hangaroud-hunden)

Bildet under er av Raymond og Jon-Kåre på vei til Seiland. Ombord på båten fekk vi guiding og tips frå kapteinen og ein lokal kjentmann frå Sjerneøya. (På bildet under hadde vi skikkeleg trua)

Enten lurte dei oss godt, eller så hadde vi uflaks. Vi vel å tru det siste. Seiland bydde på eit landsakap som er mykje likt Sunnmørsalpane kor vi er frå, og har traska og gått i mykje. Flott plass. Berre synd at været var rævva, og første natta regna det rett gjennom teltet. Noko ingen av oss har vore ute for tidlegare. (Og vi har opplevd mykje møkkavær)
(Under, bilde frå rorhuset på båten til Seiland)


Områder som Masi, Sennalandet, Seiland og andre kystnære strøk vart utprøvd. Sjølv om det vart ei dårleg jakt fristar det å reise oppatt, så planane for hausten er vel allereie lagt. Sjølvsagt håpar vi då at værgudane er meir på vår side.

Resten av bilda vi tok var stort sett dominert av skogge og dugg, før kameraet til Raymond tok kveld grunna fukt.



Det øverste bildet av dei tre siste er av Kjetil som er på veg opp fjellsida på Seiland, tatt i eit øyeblikk kor været var litt lettare.

I midten, Jon-Kåre og Kjetil som legg taktisk strategi for korleis vi skulle overrumple rypene. Her hadde det visst endatil sneke seg inn litt sol, og Seiland viste seg frå si flottaste side.

Nederste bildet er det som var igjen av ei av rypene som hang på verandaen til Kjetil, medan vi var på jakt ute ved kysten. Det viste seg å være ei kråke som hadde attakert den, og det meste av den låg igjen på verandaen til naboen under. Flaks for kråka at det ikkje er vanleg å skyte med hagle i tettbebygde strøk.

Finnmarksløpet 2006

Finnmarksløpet 2006

Tafjordfjella

Dovrefjell 2005

Januar 2005. Dovrefjell

Børgefjell 2003


Etter to somrar på Hardangervidda, lokka meir uprøvde områder lenger nord. Både i 2001 og 2002 var vi ein gjeng på Hardangervidda, kor vi etterkvart følte at det vart mykje merka ruter og folk. Vi ville prøve ein litt mindre folksom plass, og valget fall på Børgefjell.

I slutten av juli reiste vi oppover. Kjetil, Andreas og Jon-Kåre. Turen gjekk med nattbuss frå Ørsta, og vidare med tog frå Otta til Trofors. Herifrå buss til Hattfjelldal, og den den einaste bussen som gjekk vidare til Kroken denne veka.

Det var med høge forventningar vi gjekk av ved vegs ende på Kroken - her skulle det virkeleg fiskast.

Iløpet av turen skulle vi også møte to andre kameratar som hadde reist opp ei veke før. Desse to var planen å møte etter eit par tre dagar på Ranserbua.

Fisket starta vel ikkje heilt slik som vi hadde forventa oss. Allereie før Kjetil hadde montert ihop flugestanga, hadde han klart å knekke den. Humor, sjølv om vi ikkje torde å le der og då.

Vi nådde Ranserbua kvelden, andre dagen, og vart vel tatt imot av to skrinne halvnakne skjeggete skrobbar. Og sidan vi denne dagen hadde som den einaste fått fisk, fin fisk også faktisk, hadde vi oss eit durabelt måltid med fisk, skylt ned av ein god XO konjakk.
Dette vart også som ei feiring av bursdagen til Aasmund, kor han vart godt hjelpt på veg til å drikke opp bursdagsgava si.

Resten av turen gjekk vi i snitt 15 kilometer for dag, på jakt etter nye vatn som vi ikkje fekk fisk i. Faktisk fekk vi kun et par knøttsmå, som ikkje var verdt å fyre opp primusen etter. Dette gjorde også sitt til at vi etterkvart fekk lite mat, då vi hadde basert oss mykje på fisk.

Opplevelsen på Børgefjell vart derfor ikkje slik enkelte av oss hadde forestilt seg, truleg grunna den varme tørre sommaren som hadde vore hittil. Dette gjorde sitt til at den ikkje fanst ein einaste mygg å sjå, vatna var varme og tilnærma utan aktivitet.

Vi avbraut derfor turen før vi hadde tenkt, og siste dagen for min, Jon-Kåre, og Andreas sin del gjekk vi 35 kilometer for å komme oss til toget på Majavatn. Eit blodslit med tung sekk.
Kjetil vart igjen ein dag ekstra i håpet om å finne eit vatn med bet i. Slik gjekk det ikkje, og også han returnerte dagen etter. Dei to andre hadde vi tatt farvel med ein dag før. Då hadde dei vore her i to veker, og til dels vore heldigare med fiskinga enn vi.


Finnmarkstur 2005



Sommaren 2006 var Gard, Kjetil, HC og Jon-Kåre på Ifjordfjellet og Laksefjordvidda på fisketur. Et fantastisk møte med finnmark som viste seg frå si beste side med 240 samanhengande soltimar før første skya på himmelen dukka opp. Turen vart så bra at dei 14 dagane vi var der lokka til meir fiske i finnmark. Og sommaren 2006 blir vi nok atter å finne ein stad i finnmark.
Sidan været var så godt, med sol frå skyfri himmel, resulterte dette i korte dagsetappar kor vi fiska medan vi forflytta oss.
Fisket var upåklageleg, sjølv om vi ikkje klarte å sprenge to-kilos grensa. Noko vi forøvrig har tenkt å gjere sommaren 2006.
Gard
Kjetil
HC
Jon-Kåre

Snarvei over eit vatn

Siesta


Det vart mange gode dagar, og mykje sløving grunna det varme veret på ei vindstille, paddeflat vidde. Til tider uutholdelig varmt, og vanskelig å få sove. Om natta når temperaturen sank var vi som regel så opptatt med fisking at vi gløymde å legge oss.

Klokke treng ein ikkje når ein er på ferie på finnmarksvidda.

Toppturar - Kortare turar